Skjold og sverd, til bok
og penn - Renessanse og reformasjon i
Noreg og Europa på 1400-, og 1600-tallet
Renessanse tydar oppvekking og gjenføding. Det
er ein tidsperiode som heng saman med antikken. Det var begge to tidsperiodar
der spørsmål blei stilte og spørsmål skulle få svar. Mellom desse to
tidsperiodane finn vi mellomalderen. Mange vil seie at mellomalderen var som
eit mørkt hjerneteppe. Det var ei mørk tid etter antikken, kvar religion og
krig var det som stod i sentrum. I forhold til antikkens kunnskap og utvikling
var mellomalderen i stor grad påverka av religion som hindra ny kunnskap å
førekome. Kyrkja stod svært sentralt i livet til enkeltmenneske og filosofering
var eit ukjent utrykk som ikkje blei brukt. Kyrkja var svaret på all filosofi
og fann seg ikkje i kritikk eller tvil. Å gå imot kyrkja var svært risikabelt
og dei få som gjorde det blei raskt straffa og stoppa. På grunn av denne makta,
var det kyrkjas ord som rådde over Europa. Den framgangen antikken hadde,
stoppa raskt og døydde litt etter litt ut.
Så
kom gjennombrotet, antikkens gamle greske filosofi skulle gjenfødast. Antikken
stod i lys igjen og det var på 1200-tallet ”[1]Lærde
som Adelard av Bath reiste til Sicilia og til den arabiske verden, oversette verker om astronomi og matematikk”. Dei tok med seg
”gløymte” og ”gøymde” verk frå antikken og viste dei fram til Europa. [2]Seinare
då det kristne imperiet fall kom også flyktningar frå muslimske land i aust med
gamle manuskript og antikke dokumenter. Filosofien fekk eit gjennombrot og på
1300-tallet, då gjekk både filosofi, kultur og arkitektur sine egne vegar som
brot med kyrkjas tradisjonelle tankegang. Men kva var det som gjorde at
antikken fekk ei gjenføding som vi i dag kallar renessanse, og kva følgje fekk
det?
Renessansens start - Europa
Renessansen tok til på 1350-tallet i Italia. Man reknar hovudsaklig med at det tok til i den italienske byen Firenze som på denne tida var ein rik handels- og industriell by. [3]Som sagt fekk kunst, arkitektur og filosofi nye vegar som førte til eit brot med tankegangen og tradisjonane som prega middelalderens Europa.
Renessansen tok til på 1350-tallet i Italia. Man reknar hovudsaklig med at det tok til i den italienske byen Firenze som på denne tida var ein rik handels- og industriell by. [3]Som sagt fekk kunst, arkitektur og filosofi nye vegar som førte til eit brot med tankegangen og tradisjonane som prega middelalderens Europa.
Det som var med på å bryte ned makta til
kyrkja, var den nye filosofien. som sat menneske meir og meir i sentrum.
Humanisme fekk større betyding, kvar menneske og jorda var i sentrum og fekk ei
viktigare rolle enn kva kyrkja framstille. Viktige humanistar som blant anna
Sant Thomas More som saman med Erasmus skapte utrykket ”utopia”, som tydar [4]det perfekte samfunnet,
kvar kunnskap og visdom skulle dyrkast. Slike humanistar og filosofar sat Gud
til side og danna veg for mennesket. I tillegg fekk litteraturen som stort sett
handla om religiøse tema i middelalderen, ein ny og verdsleg litteratur med tema om filosofiske og politiske tema.
Det same hjalt bilete og kunst, kvar ein ikkje lenger hald seg til dei stive og
kjedelige tradisjonane og normene til kyrkja. Det same kan ein seie om
arkitekturen som blei påverka av antikkens Hellas og Roma, men det som fekk
mest og seie var det å stille spørsmål. Noko av det humanistane tok opp, tok
også vitskapen opp. [5] Dei begynte å stilla
spørsmål til kyrkjas påstandar og kunnskap. Dei leita seg fram til egne svar og
kritiserte det som kyrkja la fram, som resultat fekk vi store framskritt innan
astronomi, matematikk, naturfag og fysikk. Alt som er nemnt ovanfor og endå
meir, utgjorde ein ny kulturbevegelse, og ei varig endring som seinare skulle
spreie seg til resten av Europa.
Europas
spreiing
[6]I Løpet av 1400-tallet nådde
renessansens idear seg utover Italia og nådde raskt Frankrike, England,
Tyskland, Polen og Litauen. Meir og meir av Europa blei omgitt av renesansens
nye ideologi og syn på mennesket. Middelalderens kyrkje-dominante innflytelse
blei meir og meir svekka og til slutt nådde renessansen dei Nordiske Landa. [7]Ein annan viktig bakgrunn
for spreiinga av renessansen som ikkje er nemnt, er handelsverksemda. Denne var
også med på å danne ei ny samfunnsutvikling. Handelsverksemda begynte først i
store byar, men breidde seg seinare utover Europa. Det danna meir folkevandring
og ein kapitalistisk økonomi blei utvikla. Dette førte til at det blei innført
ei pengehushaldning, som fekk innflytelse på kulturlivet. Resten av verda blei
også litt etter litt påverka av renessansen.
Det var blant anna på grunn av den spanske og portugisiske erobringa av Amerika og delar av Asia og Afrika, at renessansens kunst, arkitektur, kultur, idear og ideal nådde ut til store delar av verda.
Det var på denne måten verda blei med i ein
heilt ny bevegelse som revolusjonerte dei nemnde områda. Dei landa som ikkje
blei inspirert og påverka av renessansen var blant anna muslimske land og
Aust-Europeiske land. Dei fekk ikkje med seg den kulturelle blomstringa og det
kan vi sjå den dag i dag. Dei har meir eller mindre sin eigen kulturstil og er
kanskje mindre opptatt av vår kunst, litteratur, arkitektur og tenkemåte.
Kort oppsummert låg det gode høve til for
renessansens spreiing. Folk var klare og interesserte til å godta noko nytt som
ikkje kom frå kyrkja, eller andre sterke makter. Det som renessansen tok med
seg var ei fornying innanfor dei fleste områda, det var e fornying og ei stor
blomstring innanfor biletkunst, skulptur, arkitektur, litteratur, menneskets
verdiar, utsmykking, opplysning og kunnskap - eit heilt nytt verdsbilete. I
tillegg følgde det ein masse oppfinningar med.
Oppfiningar som revolusjonerte blant anna litteraturen. Det beste dømet er sjølvsagt boktrykkarkunsten som blei oppfunne av [8]Johan Gutenberg. På grunn av hans geniale oppfinning spreidde litteraturen seg i ei enorm hastigheit. Litteratur, kunst, arkitektur, kultur og det nye verdsbiletet spreidde seg lett og raskt. Det fekk mykje å bidra med i spreiingsprosessen av renessansen, og det spelte ein svært viktig rolle. Du kan seie at det blei som dagens internett med omtrent same verknad. No kunne også meir “vanlige” folk kjøpe litteratur. Det var ikkje så dyrt som det var før, og det vart også oversatt til morsmålet! På denne måten døydde “dei lærdes” språk ut, dvs Latin og gresk. Det blei også lettare å få utdanning, og kunnskapsnivået blei raskt heva. Dette gjorde at vi fekk endå meir lærde menneske som vidare førte til fleire oppfinningar, fleire oppdagingar, meir filosofering og viktigast av alt ei drastisk uvikling.
Oppfiningar som revolusjonerte blant anna litteraturen. Det beste dømet er sjølvsagt boktrykkarkunsten som blei oppfunne av [8]Johan Gutenberg. På grunn av hans geniale oppfinning spreidde litteraturen seg i ei enorm hastigheit. Litteratur, kunst, arkitektur, kultur og det nye verdsbiletet spreidde seg lett og raskt. Det fekk mykje å bidra med i spreiingsprosessen av renessansen, og det spelte ein svært viktig rolle. Du kan seie at det blei som dagens internett med omtrent same verknad. No kunne også meir “vanlige” folk kjøpe litteratur. Det var ikkje så dyrt som det var før, og det vart også oversatt til morsmålet! På denne måten døydde “dei lærdes” språk ut, dvs Latin og gresk. Det blei også lettare å få utdanning, og kunnskapsnivået blei raskt heva. Dette gjorde at vi fekk endå meir lærde menneske som vidare førte til fleire oppfinningar, fleire oppdagingar, meir filosofering og viktigast av alt ei drastisk uvikling.
Norsk renessanse
[9]Svartedauden spelte ein stor rolle
for renessansens spreiing til Noreg. På grunn av denne skrekkelege sjukdommen
forsvann det meste av norsk skriftkultur. Dermed låg vegane opne for noko nytt.
Ein måtte nytte seg av det dansk skriftspråket. Dei få lærde som var igjen i
landet tok utdanninga si i katedralskular i Danmark og Tyskland. På denne måten
tok dei med seg tankane og ideane til både renessansen og reformasjonen,
tilbake til Noreg.
[10]Det var først etter reformasjonen
vi fekk med oss den kulturelle bevegelsen i Europa. Denne prega blant anna
Stavanger og Bergen raskt. Her blei kom det byggverk som var prega av
arkitekturen i renessansen, og seinare nådde det Akershus festning i Oslo.
Som ei oppsummering fekk renessansen enormt
mykje å seie for verdas kultur og verdsbilete. Det var som ein stor revolusjon
som sat menneske i liv igjen. Ei enorm oppvekking som skapte ”uro” og filosofi.
Det blei som ei stor opplysningstid kvar folk undra seg meir om ting og sat seg
sjølv meir i sentrum. I staden for å ta ordre frå høgare maktar som styrke så å
sei alt, fekk folk endeleg lov til å tenkje litt meir sjølv. Vi fekk ei enorm
utvikling som har gjort at vi har dei tinga vi har rundt oss den dag i dag.
[11]Som ei eiga vurdering vil eg seie
at opninga i filosofien har hatt enorm betyding for heile renessansen. Det at
folk begynte å stille spørsmål meinar eg har enormt mykje å seie. Det er noko
som ligg naturleg for menneske og dyr, og det er ein ting ingen makter kan ta
frå enkeltmenneske. Det med å tvile og kritisere det som blir sagt, er grunnen
til at vi ikkje godtek alt. Det med å stille kritiske spørsmål var, og er
grunnen den dag i dag til at vi fortsett utviklar oss i eit raskt tempo.
Kjeldeliste
Internett:
Internett:
http://no.wikipedia.org/wiki/Renessansen
http://www.euratlas.net/history/europe/1400/index.html
http://www.euratlas.net/history/europe/1500/index.html
http://www.euratlas.net/history/europe/1600/index.html
http://kunsthistorie.com/fagwiki/Renessanse
http://www.euratlas.net/history/europe/1400/index.html
http://www.euratlas.net/history/europe/1500/index.html
http://www.euratlas.net/history/europe/1600/index.html
http://kunsthistorie.com/fagwiki/Renessanse
Bøker:
Cappelens Forlag AS, Oslo Februar 2007, Spenn
Vg2 – Anne Lise Jomisko, Tommy Moum, Christoffer Linnestad og Marianne Texmo
Cappelen Forlag AS,
Oslo 2007, Historie Vg2 Nynorsk – Ivar Libæk, Øivind Stenersen, Asle Sveen og
Svein A. Aastad
[2] Cappelen
Spenn Vg2 s.28
[5] http://no.wikipedia.org/wiki/Renessansen
- Gjenfødelse i Firenze
[6] http://no.wikipedia.org/wiki/Renessansen
- Ein Europeisk bevegelse
[9] Cappelen
Spenn Vg2 s.47
[10] http://no.wikipedia.org/wiki/Renessansen
- Norsk renessanse
[11] Meg
sjølv
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar